fredag 4. november 2011

Til vetleguten

Det er ikkje mykje eg har fått strikka til vetleguten i magen enno, men eg har litt planar.

Dressen på side 16 (9 av 13) her. Tenkte først å strikke den i str. 9 mnd, men så er det jo veldig fint med heildress til liten baby, så eg strikkar den nok i str. 0-3 mnd med litt lengre rygg. Strikkast i Lerke frå Dalegarn, som er 50/50 ull og bomull.

Mor Signe-teppe frå Nøstebarn er vel obligatorisk, og garn er kjøpt inn. Det blir strikka på skrå med litt breie striper, det er iallefall planen.

Jeansblå og lys blå i 2-tråds merinoull frå Nøstebarn.

Ein omslagsbody (Fuglemammas omslagsbody) er nesten ferdig, men manglar armar, montering og knappar. Bilete kjem når eg har fått den ferdig. Strikker den i silkeull frå Nøstebarn. Oppskrifta står i boka Myk Start.

Noko smått er ferdig, ei hjelmhue og eit par sokkar. Strikka i babyull frå Rauma.


To bukser til 3-åringen min

To bukser har det blitt til 3-åringen min i løpet av sommaren og hausten. Begge er ca. str. 3-4 år. Mykje å gå på i lengden, men han kan fint bruka dei no.

Strikka i garnet frå dette innlegget. Det vart nok til ei hue og, og garnet fekk ein heilt annan effekt på den enn på buksa. Syns det var litt artig.




Monsterbukse! Ufattelig populært hjå 3-åringen. Strikka i Sandnes Smart, 100% superwash ull. Oppskrift fant eg her. Enkel og rask å strikke.



Nøstebarn-kjole

Kjole og sokkar til ei lita jente på Sotra. Dette var del av dåpspresang. 2-tråds merinoull og oppskrift frå Nøstebarn.

Små huer

Eg har blitt veldig glad i oppskrifta på hjelmlue i glattstrikk som står i boka Myk Start. Raske å strikke, og det går ikkje så mykje garn. Har fått brukt litt av garnet i dette innlegget.

Ei hue i str. 0-3 mnd  og ei i str. 4-8 mnd. Babyull frå Spar Kjøp.

Str. 9-12 mnd. i babyull frå Knappehuset. Denne er hjå ei lita jente på Sotra :)

Samme garn som forrige, str. 0-3 mnd. Denne vart litt liten i størrelsen, så eg trur faktisk ikkje den kjem til å passe min eigen gut når han kjem, iallefall ikkje om han liknar broren sin.

Long time!

Lenge siden sist innlegg her ser eg... Og det er ikkje fordi eg ikkje har strikka, for det har eg. Det meste er teke bilete av, og det skal eg legge ut, bortsett frå det som skal gis vekk til jul, det kjem etter julafta.

I februar kjem det ein liten kar til i huset, og eg er såvidt i gang med litt strikking til han. Har hatt ein del prosjekt liggande som eg har tvinga meg sjølv til å bli ferdig med før eg startar på noko nytt, men eg ser enden på det no :)

torsdag 16. juni 2011

Garn!!

Har masse fint garn liggande i kø som venter på å bli fine plagg! Her er ein del av det:


Søte 25-gramsnøster med babyull, kjøpt på Knappehuset i Bergen.


Ved siden av eit vanleg 50-gramsnøste.





Det med blått og brunt i er snart ei ferdig hjelmlue i glattstrikk.




Dashing Dachs tynt superwashgarn. Mjukt og deilig!



Mosaic Moon 100% BFL wool, farge Alice.


Laines Magnifiques 100% superwash merino. Skal bli bukse til snart-3-åringen.


Fint syn :D





tirsdag 14. juni 2011

Til ein liten baby...

... som kan bli født når som helst har eg strikka hentesett og bleiebukser:
Sandnes oppskrift og Nøstebarn sitt silkeull-garn.


Lue etter ønske frå dei kommande foreldra. Samme garn, Drops oppskrift.

Bleiebukser strikka i Mitu frå pt (50/50 ull/alpakka) og Sandnes alpakka.