torsdag 9. mai 2013

Dilla på Pickles!

I fjor haust oppdaga eg Pickles, og det har blitt bestilt ein del garn og oppskrifter derfra. Syns dei har fine og enkle oppskrifter, og garnet er utrulig deilig.

Antons kosedress str 1-2 år.

Klar for tur i vogna
 
Enkel jakke og Sval sommerbukse, jakka i str 1-2 år, buksa i str 1 år. Den vil han kunne bruke som capri/shorts til neste år. Og jammen blei det nok restegarn til ei bukse i str 0-3 mnd som ein liten slektning som kjem til sommaren skal få!
 
Kongen på haugen-lue! Denne er veldig mjuk og god, heilt kløfri.
 
Artig skrue-hettelue. Denne er virkelig super. Strikka i samme garn som Kongen på haugen.
 
Pakke eg fekk i posten for ei stund sidan. Dei to øverste typane er allerede blitt lue og jakke, og den nederste typen skal bli Melkers barnehagedress til minstemann.
 
 
Det kan vere lurt å sjekke strikkefastheten, siden Pickles-jentene strikker litt laust. Eg må ofte gå opp 1/2 -1 pinnestørrelse. Akkurat no held eg på med Melkers barnehagesett i str 5-6 år til eldstemann. Strikka buksa først siden den såg litt kjedelig ut. Jakken er godt i gang.
 
 
 
 

Oslo-anorakk i ull/alpakka

Minstemann har fått Oslo-anorakk, strikka i Ull/alpakka frå Sandnes. Garnet loer litt i bruk, men er veldig mjukt og lett. Eg blei veldig fornøyd med resultatet, og veslebror er god og varm.

 
Ein liten saueflokk fekk og plass
 

Mi første flette!

Har ikkje prøvd meg på flettestrikk før no, men denne lua kunne eg ikkje la være å strikke. Og den var veldig enkel! Det blir nok fleire av den. Oppskrift frå boka I all enkelhet av Marte Helgetun, strikka i dobbel Baby Silk fra Du store alpakka på pinne 5.

Denne lua blei sendt til ei jente i Oslo

mandag 22. april 2013

Marius

Eg har strikka litt Marius eg og, som så mange andre denne vinteren. Starta i det små med sokkar som vart gitt vekk i morsdagsgåve, og så strikka eg to puter og trekk til nettbrettet. Dobbel Sisu på pinne 5, gjekk ganske fort! Kjekt mønster!

Julestrømpene til gutane

Har heilt gløymt å blogge julestrømpene eg har strikka til gutane! Jula varer heilt til påske, og påska er over for lengst, men men. Bedre seint enn aldri! I mangel av peis vart dei hengt opp på gitteret foran ovnen på veslejulafta, og eldstemann var veldig spent på kva nissen kom med.



To nøgde gutar! Badeender, smokkar, fruktpure og tannbørste til minsten, og litt godteri, tannbørste, tannkrem, badeleiker og klistremerker til største.
 
Oppskrifta er frå eit gamalt Sandnes julehefte. 

Jakke til minstemann

På slutten av fjor haust strikka eg ei jakke i alpakka til minstemann. Deilig, varm og mjuk! Oppskrifta er frå Nøstebarn, og garnet er Sandnes minialpakka. Str 1 år, så no er den akkurat passe til guten, som no er 14 mnd. Har heldigvis fått brukt jakka ein del i vinter.

Bilder blir tatt i farta for tida


fredag 28. desember 2012

Julegåver 2012!

Det har vore litt stille på bloggen i det siste, kunne jo ikkje røpe kva julegåver som var under produksjon! I år har fem små fått monsterbukser, tre har fått Hello kitty-luer, og ei venninne har fått vottar (som eg ikkje kom på å ta bilde av...)

 
Dei tre øverste er i str 1-2 år, strikka i Smart. Den nederste er i str 6-12 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
 
Eit lite mini-monster :) Ca str 3-9 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
Hello Kitty-luer, populært blandt småjentene. Strikka i dobbel babyull.