fredag 4. november 2011

Små huer

Eg har blitt veldig glad i oppskrifta på hjelmlue i glattstrikk som står i boka Myk Start. Raske å strikke, og det går ikkje så mykje garn. Har fått brukt litt av garnet i dette innlegget.

Ei hue i str. 0-3 mnd  og ei i str. 4-8 mnd. Babyull frå Spar Kjøp.

Str. 9-12 mnd. i babyull frå Knappehuset. Denne er hjå ei lita jente på Sotra :)

Samme garn som forrige, str. 0-3 mnd. Denne vart litt liten i størrelsen, så eg trur faktisk ikkje den kjem til å passe min eigen gut når han kjem, iallefall ikkje om han liknar broren sin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar