tirsdag 29. mars 2011

Påskeegg!

Før jul strikka eg eit par julekuler etter Arne&Carlos si oppskrift, men begynte for seint og fekk ikkje tid til så mange. Så no då det kom ut påskehefte frå Dalegarn med oppskrift på påskekuler og påskeegg venta eg ikkje lenge med å springe på garnbutikken! Held på med mitt fjerde egg no, og det går kjempefort!

UFO'en er snart ferdig, manglar berre glidelås. Ellers held eg for tida på med ein vest frå Nøstebarn, og eit babyteppe.

lørdag 5. mars 2011

Forsømt blogg?

Neidå, eg tenker på den kvar dag. Syns det er kjekt å ha ei oversikt her over kva eg produserer.
I det siste har eg nok hatt litt for mange prosjekt på pinnane om gongen, og eg bestemte meg for at eg må gjera noko ferdig før eg får lov til å begynna på noko heilt nytt, iallefall noko stort. Så eg har fått brukt opp litt restegarn til vottar, hals og sokkar f.eks. for få unna litt smått som ligg og sleng.

I påsken i fjor satt eg igang på ein jakke til guten min, og kom ganske langt før eg "gløymde" den. No SKAL den bli ferdig, eg gir ikkje meg sjølv lov til å sette igang med noko nytt før den er ferdig. Og det er mykje anna eg har lyst til å strikke... Så då er det berre å sette igang! Bilder kjem.

Teppe til ei lita jente

For tre veker sidan kom ei bitte lita jente til verda, og eg hadde eit deilig Nøstebarn-teppe liggande på vent til henne. Teppet er tatt i bruk, og varmar visst godt.