I går gjorde eg siste finish på Nøstebarnvesten eg har strikka, og eg syns resultatet vart veldig bra! Han som fekk den var i alle fall veldig fornøyd. Eg hadde kjøpt lastebilknappar, og det syns han var veldig tøft!
Lastebilknappar vart teke godt imot!
Ein som er veldig fornøyd!
Vesten er strikka i 2-tråds merinoullgarn frå Nøstebarn. Farge jeansblå. Fargen kjem ikkje rett fram på dei to øverste bileta, men på det nederste viser den ganske rett. Kjenner at dette fort kan bli ein favoritt, dumt at eg ikkje "oppdaga" den tidlegare.