tirsdag 27. desember 2011

Lue

Fann eit garn på garnbutikken eg berre måtte prøve, multifarga Viking Alpaca Sport, og det vart til ei lue til treåringen min. Strikka etter oppskrift frå Drops. I oppskrifta er det ein "hale" på lua, men den droppa eg. Den sit veldig godt på, men gutungen var ikkje særleg interessert i å ha den på, iallefall ikkje inne.


Ikkje særleg interessert i å stilla opp på bilete heller.

Julegåver til to små søstre

To søstre fekk kvar si monsterbukse til jul :)



Strikka i Smart 100% superwash ull, størrelse 6-12 mnd og 2 år.

mandag 19. desember 2011

Fuglemammas omslagsbody

Endeleg har eg fått ferdig omslagsbodyen til vetleguten, det har tatt si tid. Har til og med montert og sydd i knappar sjølv, det er vel ikkje alltid eg gjer det... Den er strikka i ullsilkegarnet frå Nøstebarn, og er fantastisk mjuk og god!


Babysett

For å få brukt opp noko garn som berre låg og tok opp plass har eg strikka eit babysett frå boka Myk Start. Fekk nok til eit par sokkar og, men desverre ikkje hue.


Strikka i Chiri Alpakka i str. 0-3 mnd.

Ei korg full i UFO'ar

Eg har ei korg som eg (tydelegvis...) berre har stappa uferdige ting i når eg har gått lei. For ei stund sidan rydda eg i denne korga, og det viste seg at dei aller fleste tinga kun trengte litt montering og snorer. Noko av det kunne eg faktisk ikkje hugse at eg hadde laga ein gong...

Resultatet:


Diverse huer og sokkar til småfolk :) Til og med ein hekla gryteklut!

søndag 11. desember 2011

Nøgd blånissegut

Blånissehua og vottane har vore klare ei stund, og eigaren vart veldig glad