fredag 4. november 2011

Til vetleguten

Det er ikkje mykje eg har fått strikka til vetleguten i magen enno, men eg har litt planar.

Dressen på side 16 (9 av 13) her. Tenkte først å strikke den i str. 9 mnd, men så er det jo veldig fint med heildress til liten baby, så eg strikkar den nok i str. 0-3 mnd med litt lengre rygg. Strikkast i Lerke frå Dalegarn, som er 50/50 ull og bomull.

Mor Signe-teppe frå Nøstebarn er vel obligatorisk, og garn er kjøpt inn. Det blir strikka på skrå med litt breie striper, det er iallefall planen.

Jeansblå og lys blå i 2-tråds merinoull frå Nøstebarn.

Ein omslagsbody (Fuglemammas omslagsbody) er nesten ferdig, men manglar armar, montering og knappar. Bilete kjem når eg har fått den ferdig. Strikker den i silkeull frå Nøstebarn. Oppskrifta står i boka Myk Start.

Noko smått er ferdig, ei hjelmhue og eit par sokkar. Strikka i babyull frå Rauma.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar