søndag 10. april 2011

UFO'en er ferdig!

For akkurat eit år sidan kjøpte eg garn til ein jakke eg ville strikke til guten min. Han var då 1 1/2 år, og eg tenkte str. 2 år måtte vera greit å strikke. Jakken vart påbegynt, men etter at ermene og litt av bolen var strikka vart den lagt i ein pose og gløymt. Trur eg gjekk litt lei av tynn babyull og pinne nr. 2,5. No i vinter fann eg ut at eg må jo gjere den ferdig, og i går kom den heim etter å ha vore til montering hjå mor mi (er ikkje så god på montering, eller liker det iallefall ikkje...). Og det viser seg at str. 2 år nok tilsvarer str. 3 år, for jakken var ganske stor, heldigvis. Den blir nok brukt til høsten tenker eg.



Strikka i Dale babyull. Dalegarn oppskrift, frå eit hefte som nok er frå begynnelsen av 2000-talet.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar