lørdag 5. mars 2011

Forsømt blogg?

Neidå, eg tenker på den kvar dag. Syns det er kjekt å ha ei oversikt her over kva eg produserer.
I det siste har eg nok hatt litt for mange prosjekt på pinnane om gongen, og eg bestemte meg for at eg må gjera noko ferdig før eg får lov til å begynna på noko heilt nytt, iallefall noko stort. Så eg har fått brukt opp litt restegarn til vottar, hals og sokkar f.eks. for få unna litt smått som ligg og sleng.

I påsken i fjor satt eg igang på ein jakke til guten min, og kom ganske langt før eg "gløymde" den. No SKAL den bli ferdig, eg gir ikkje meg sjølv lov til å sette igang med noko nytt før den er ferdig. Og det er mykje anna eg har lyst til å strikke... Så då er det berre å sette igang! Bilder kjem.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar