Eg har strikka litt Marius eg og, som så mange andre denne vinteren. Starta i det små med sokkar som vart gitt vekk i morsdagsgåve, og så strikka eg to puter og trekk til nettbrettet. Dobbel Sisu på pinne 5, gjekk ganske fort! Kjekt mønster!
mandag 22. april 2013
Julestrømpene til gutane
Har heilt gløymt å blogge julestrømpene eg har strikka til gutane! Jula varer heilt til påske, og påska er over for lengst, men men. Bedre seint enn aldri! I mangel av peis vart dei hengt opp på gitteret foran ovnen på veslejulafta, og eldstemann var veldig spent på kva nissen kom med.
To nøgde gutar! Badeender, smokkar, fruktpure og tannbørste til minsten, og litt godteri, tannbørste, tannkrem, badeleiker og klistremerker til største.
Oppskrifta er frå eit gamalt Sandnes julehefte.
Jakke til minstemann
På slutten av fjor haust strikka eg ei jakke i alpakka til minstemann. Deilig, varm og mjuk! Oppskrifta er frå Nøstebarn, og garnet er Sandnes minialpakka. Str 1 år, så no er den akkurat passe til guten, som no er 14 mnd. Har heldigvis fått brukt jakka ein del i vinter.
Bilder blir tatt i farta for tida
fredag 28. desember 2012
Julegåver 2012!
Det har vore litt stille på bloggen i det siste, kunne jo ikkje røpe kva julegåver som var under produksjon! I år har fem små fått monsterbukser, tre har fått Hello kitty-luer, og ei venninne har fått vottar (som eg ikkje kom på å ta bilde av...)
Dei tre øverste er i str 1-2 år, strikka i Smart. Den nederste er i str 6-12 mnd, strikka i dobbel babyull.
Eit lite mini-monster :) Ca str 3-9 mnd, strikka i dobbel babyull.
Hello Kitty-luer, populært blandt småjentene. Strikka i dobbel babyull.
Oslo-anorakk til ei lita Oslo-frøken
Ei lita Oslo-frøken fekk ein Oslo-anorakk i førjulspresang. Str 1-2 år, strikka i Viking sport alpaca, pinne 4. Gjekk opp ein str i maskeantallet. Er godt i gang med ein til eldstemann her i huset.
søndag 21. oktober 2012
Monsterbrødre
Guttaboys har fått seg nye monsterbukser, vart veldig fornøyd med dei. Strikka i Smart frå Sandnes. Oppskrift her.
Då monsterfjeset skulle visast prøvde veslebror å stikke av.
Hatt ein pause...
Lenge sidan sist innlegg no, og det har sine naturlege grunnar. Livet vart brått og brutalt snudd på hovudet då eg mista sambuaren min, og gutane faren sin for to månadar sidan. Litt etter litt, med mykje praktisk hjelp, har eg klart å komme inn igjen i kvardagen så godt det lar seg gjere. Med to barn blir ein fort "tvinga" tilbake til kvardagen, og det er igrunn godt. Eg forstår ikkje kva eg skulle gjort uten gutane mine. Men det er tungt og vondt, og det vil det vera veldig, veldig lenge, om ikkje for alltid.
Strikkinga er litt terapi for meg no. Det blir ikkje alltid så mykje tid til det, travle tider. Men eg har fått strikka litt, og håper det blir tid til litt julegåver. Har ein del planar iallefall!
Strikkinga er litt terapi for meg no. Det blir ikkje alltid så mykje tid til det, travle tider. Men eg har fått strikka litt, og håper det blir tid til litt julegåver. Har ein del planar iallefall!
Abonner på:
Innlegg (Atom)
