fredag 28. desember 2012

Julegåver 2012!

Det har vore litt stille på bloggen i det siste, kunne jo ikkje røpe kva julegåver som var under produksjon! I år har fem små fått monsterbukser, tre har fått Hello kitty-luer, og ei venninne har fått vottar (som eg ikkje kom på å ta bilde av...)

 
Dei tre øverste er i str 1-2 år, strikka i Smart. Den nederste er i str 6-12 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
 
Eit lite mini-monster :) Ca str 3-9 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
Hello Kitty-luer, populært blandt småjentene. Strikka i dobbel babyull.
 


Oslo-anorakk til ei lita Oslo-frøken

Ei lita Oslo-frøken fekk ein Oslo-anorakk i førjulspresang. Str 1-2 år, strikka i Viking sport alpaca, pinne 4. Gjekk opp ein str i maskeantallet. Er godt i gang med ein til eldstemann her i huset.

søndag 21. oktober 2012

Monsterbrødre

Guttaboys har fått seg nye monsterbukser, vart veldig fornøyd med dei. Strikka i Smart frå Sandnes. Oppskrift her.

 
Då monsterfjeset skulle visast prøvde veslebror å stikke av.

Hatt ein pause...

Lenge sidan sist innlegg no, og det har sine naturlege grunnar. Livet vart brått og brutalt snudd på hovudet då eg mista sambuaren min, og gutane faren sin for to månadar sidan. Litt etter litt, med mykje praktisk hjelp, har eg klart å komme inn igjen i kvardagen så godt det lar seg gjere. Med to barn blir ein fort "tvinga" tilbake til kvardagen, og det er igrunn godt. Eg forstår ikkje kva eg skulle gjort uten gutane mine. Men det er tungt og vondt, og det vil det vera veldig, veldig lenge, om ikkje for alltid.

Strikkinga er litt terapi for meg no. Det blir ikkje alltid så mykje tid til det, travle tider. Men eg har fått strikka litt, og håper det blir tid til litt julegåver. Har ein del planar iallefall!

torsdag 5. april 2012

Veslebror i strikkebukse

I dag tok eg på veslebror strikkebuksa eg snakka om eg skulle strikke i dette innlegget. Lang i beina, men kan fint brukast no. Oppskrift frå boka Myk start, strikka i Dale babyull i str 0-3mnd.

Veslebror 6 veker.

Veslebror kom 24.februar.

24. februar meldte veslebror sin ankomst, dagen før termin. Fødselen var rask og intens, og han var 3780 gram og 52 cm. Han er ein kosete baby som søv best på mammo si, men om natta godtar han heldigvis senga si i opptil seks timar i strekk!

Eit par timar gammal

Fire veker gammal.



torsdag 2. februar 2012

Heildress til veslebror

Heildress til veslebror, Dale oppskrift strikka i Lerke (ca 50/50 ull/bomull) frå Dalegarn. Størrelse 0-3 mnd. Deilig og mjuk, og eg syns den var veldig rask å strikke. Brukte pinne 3 1/2, 3 på kantane. Sålen på tøflene og bamsane er hekla.