torsdag 9. mai 2013

Dilla på Pickles!

I fjor haust oppdaga eg Pickles, og det har blitt bestilt ein del garn og oppskrifter derfra. Syns dei har fine og enkle oppskrifter, og garnet er utrulig deilig.

Antons kosedress str 1-2 år.

Klar for tur i vogna
 
Enkel jakke og Sval sommerbukse, jakka i str 1-2 år, buksa i str 1 år. Den vil han kunne bruke som capri/shorts til neste år. Og jammen blei det nok restegarn til ei bukse i str 0-3 mnd som ein liten slektning som kjem til sommaren skal få!
 
Kongen på haugen-lue! Denne er veldig mjuk og god, heilt kløfri.
 
Artig skrue-hettelue. Denne er virkelig super. Strikka i samme garn som Kongen på haugen.
 
Pakke eg fekk i posten for ei stund sidan. Dei to øverste typane er allerede blitt lue og jakke, og den nederste typen skal bli Melkers barnehagedress til minstemann.
 
 
Det kan vere lurt å sjekke strikkefastheten, siden Pickles-jentene strikker litt laust. Eg må ofte gå opp 1/2 -1 pinnestørrelse. Akkurat no held eg på med Melkers barnehagesett i str 5-6 år til eldstemann. Strikka buksa først siden den såg litt kjedelig ut. Jakken er godt i gang.
 
 
 
 

Oslo-anorakk i ull/alpakka

Minstemann har fått Oslo-anorakk, strikka i Ull/alpakka frå Sandnes. Garnet loer litt i bruk, men er veldig mjukt og lett. Eg blei veldig fornøyd med resultatet, og veslebror er god og varm.

 
Ein liten saueflokk fekk og plass
 

Mi første flette!

Har ikkje prøvd meg på flettestrikk før no, men denne lua kunne eg ikkje la være å strikke. Og den var veldig enkel! Det blir nok fleire av den. Oppskrift frå boka I all enkelhet av Marte Helgetun, strikka i dobbel Baby Silk fra Du store alpakka på pinne 5.

Denne lua blei sendt til ei jente i Oslo

mandag 22. april 2013

Marius

Eg har strikka litt Marius eg og, som så mange andre denne vinteren. Starta i det små med sokkar som vart gitt vekk i morsdagsgåve, og så strikka eg to puter og trekk til nettbrettet. Dobbel Sisu på pinne 5, gjekk ganske fort! Kjekt mønster!

Julestrømpene til gutane

Har heilt gløymt å blogge julestrømpene eg har strikka til gutane! Jula varer heilt til påske, og påska er over for lengst, men men. Bedre seint enn aldri! I mangel av peis vart dei hengt opp på gitteret foran ovnen på veslejulafta, og eldstemann var veldig spent på kva nissen kom med.



To nøgde gutar! Badeender, smokkar, fruktpure og tannbørste til minsten, og litt godteri, tannbørste, tannkrem, badeleiker og klistremerker til største.
 
Oppskrifta er frå eit gamalt Sandnes julehefte. 

Jakke til minstemann

På slutten av fjor haust strikka eg ei jakke i alpakka til minstemann. Deilig, varm og mjuk! Oppskrifta er frå Nøstebarn, og garnet er Sandnes minialpakka. Str 1 år, så no er den akkurat passe til guten, som no er 14 mnd. Har heldigvis fått brukt jakka ein del i vinter.

Bilder blir tatt i farta for tida


fredag 28. desember 2012

Julegåver 2012!

Det har vore litt stille på bloggen i det siste, kunne jo ikkje røpe kva julegåver som var under produksjon! I år har fem små fått monsterbukser, tre har fått Hello kitty-luer, og ei venninne har fått vottar (som eg ikkje kom på å ta bilde av...)

 
Dei tre øverste er i str 1-2 år, strikka i Smart. Den nederste er i str 6-12 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
 
Eit lite mini-monster :) Ca str 3-9 mnd, strikka i dobbel babyull.
 
 
Hello Kitty-luer, populært blandt småjentene. Strikka i dobbel babyull.
 


Oslo-anorakk til ei lita Oslo-frøken

Ei lita Oslo-frøken fekk ein Oslo-anorakk i førjulspresang. Str 1-2 år, strikka i Viking sport alpaca, pinne 4. Gjekk opp ein str i maskeantallet. Er godt i gang med ein til eldstemann her i huset.

søndag 21. oktober 2012

Monsterbrødre

Guttaboys har fått seg nye monsterbukser, vart veldig fornøyd med dei. Strikka i Smart frå Sandnes. Oppskrift her.

 
Då monsterfjeset skulle visast prøvde veslebror å stikke av.

Hatt ein pause...

Lenge sidan sist innlegg no, og det har sine naturlege grunnar. Livet vart brått og brutalt snudd på hovudet då eg mista sambuaren min, og gutane faren sin for to månadar sidan. Litt etter litt, med mykje praktisk hjelp, har eg klart å komme inn igjen i kvardagen så godt det lar seg gjere. Med to barn blir ein fort "tvinga" tilbake til kvardagen, og det er igrunn godt. Eg forstår ikkje kva eg skulle gjort uten gutane mine. Men det er tungt og vondt, og det vil det vera veldig, veldig lenge, om ikkje for alltid.

Strikkinga er litt terapi for meg no. Det blir ikkje alltid så mykje tid til det, travle tider. Men eg har fått strikka litt, og håper det blir tid til litt julegåver. Har ein del planar iallefall!

torsdag 5. april 2012

Veslebror i strikkebukse

I dag tok eg på veslebror strikkebuksa eg snakka om eg skulle strikke i dette innlegget. Lang i beina, men kan fint brukast no. Oppskrift frå boka Myk start, strikka i Dale babyull i str 0-3mnd.

Veslebror 6 veker.

Veslebror kom 24.februar.

24. februar meldte veslebror sin ankomst, dagen før termin. Fødselen var rask og intens, og han var 3780 gram og 52 cm. Han er ein kosete baby som søv best på mammo si, men om natta godtar han heldigvis senga si i opptil seks timar i strekk!

Eit par timar gammal

Fire veker gammal.



torsdag 2. februar 2012

Heildress til veslebror

Heildress til veslebror, Dale oppskrift strikka i Lerke (ca 50/50 ull/bomull) frå Dalegarn. Størrelse 0-3 mnd. Deilig og mjuk, og eg syns den var veldig rask å strikke. Brukte pinne 3 1/2, 3 på kantane. Sålen på tøflene og bamsane er hekla.

tirsdag 31. januar 2012

Nøstebarn-teppe til veslebror

Ein ettermiddag for eit par veker sidan sa eg til far i huset at i dag skal eg bli ferdig med teppet til veslebror. Kl. 23.56 var siste tråd festa, så det var godt berekna!
Her er teppet før det vart vaska og strekt i fasong. Jeansblå og lys blå tynn merinoull frå Nøstebarn.

fredag 27. januar 2012

Garnsalg!

To gonger i året har garnbutikken 20% på alt garn, og då er det jo greit å hamstre litt :) Her er fangsten frå januar:

Sandnes Smart til monsterbukser til begge gutane til hausten. Blåfargen er meir petrolblå enn det som kjem fram på bilete.

Sandnes minialpakka til jakke til veslebror.

Dale Babyull til bukse til veslebror:
Enkel bukse frå boka Myk start, strikkar i str. 0-3 mnd.



Julegåve

Bukse strikka i multifarga Viking alpakka sport til ei lita jente :)

Ca. str 6-12 mnd.

Deilig alpakkajakke

I fjor haust strikka eg ei jakke i Sandnes minialpakka til ei lita jente i Oslo. Vaska jakka før eg overleverte den, og syns den holdt seg veldig fin! Har opplevd at andre plagg strikka i alpakka har blitt litt dratt når det har blitt vaska. Oppskrifta er frå Strikk til Nøstebarn, Heilårsjakke i str 1 år. Har allereie kjøpt inn samme garnet for å strikke til veslebror.

tirsdag 27. desember 2011

Lue

Fann eit garn på garnbutikken eg berre måtte prøve, multifarga Viking Alpaca Sport, og det vart til ei lue til treåringen min. Strikka etter oppskrift frå Drops. I oppskrifta er det ein "hale" på lua, men den droppa eg. Den sit veldig godt på, men gutungen var ikkje særleg interessert i å ha den på, iallefall ikkje inne.


Ikkje særleg interessert i å stilla opp på bilete heller.

Julegåver til to små søstre

To søstre fekk kvar si monsterbukse til jul :)



Strikka i Smart 100% superwash ull, størrelse 6-12 mnd og 2 år.

mandag 19. desember 2011

Fuglemammas omslagsbody

Endeleg har eg fått ferdig omslagsbodyen til vetleguten, det har tatt si tid. Har til og med montert og sydd i knappar sjølv, det er vel ikkje alltid eg gjer det... Den er strikka i ullsilkegarnet frå Nøstebarn, og er fantastisk mjuk og god!