fredag 22. april 2011

Påskeeggene er ferdige!!

Dei siste vekene har eg putla på litt med påskeegg designa av Arne & Carlos. Raske å strikke, men eg vart litt lei på slutten. Etter at eg hadde fylt dei med ull var det ikkje alle som såg ut som egg, men pytt pytt.






(Kremt...)




Og til slutt ei påskekule:


Strikka med Lerke frå Dalegarn, ca 50/50 ull og bomull.

Nøstebarnteppe til ein liten junibaby

Gleder meg til å gi dette i presang til ein liten som kjem i juni :) Det ser kanskje ikkje heilt beint ut, har ikke vaska det enno. Drar det i fasong når det er vått.




Kjempedeilige tepper dette, guten min på 2 1/2 år bruker fortsatt sitt litt, og eg sjølv bruker det over skuldrene om kvelden.

Strikka med oppskrift frå Nøstebarn med 2-tråds merinoull.

søndag 10. april 2011

UFO'en er ferdig!

For akkurat eit år sidan kjøpte eg garn til ein jakke eg ville strikke til guten min. Han var då 1 1/2 år, og eg tenkte str. 2 år måtte vera greit å strikke. Jakken vart påbegynt, men etter at ermene og litt av bolen var strikka vart den lagt i ein pose og gløymt. Trur eg gjekk litt lei av tynn babyull og pinne nr. 2,5. No i vinter fann eg ut at eg må jo gjere den ferdig, og i går kom den heim etter å ha vore til montering hjå mor mi (er ikkje så god på montering, eller liker det iallefall ikkje...). Og det viser seg at str. 2 år nok tilsvarer str. 3 år, for jakken var ganske stor, heldigvis. Den blir nok brukt til høsten tenker eg.



Strikka i Dale babyull. Dalegarn oppskrift, frå eit hefte som nok er frå begynnelsen av 2000-talet.

søndag 3. april 2011

Nøstebarnvest

I går gjorde eg siste finish på Nøstebarnvesten eg har strikka, og eg syns resultatet vart veldig bra! Han som fekk den var i alle fall veldig fornøyd. Eg hadde kjøpt lastebilknappar, og det syns han var veldig tøft!



Lastebilknappar vart teke godt imot!


Ein som er veldig fornøyd!

Vesten er strikka i 2-tråds merinoullgarn frå Nøstebarn. Farge jeansblå. Fargen kjem ikkje rett fram på dei to øverste bileta, men på det nederste viser den ganske rett. Kjenner at dette fort kan bli ein favoritt, dumt at eg ikkje "oppdaga" den tidlegare.