torsdag 10. februar 2011

Sokkar av restegarn av restegarn!

Klarte visst å utnytte restegarnet etter sokkane eg strikka av restegarn :) Små babysokkar!

søndag 6. februar 2011

Babyboom!

Det er babyboom rundt meg for tida, og då er det jo veldig koselig å kunne lage litt gåver :) I dag har eg nøsta opp ca 1200 meter tynt merinoullgarn som skal bli eit deilig teppe til ein liten som kjem i juni.

.

Yes!!

Eg hadde nok garn, og eg har fått meg nye, deilige sokkar!

Dei er strikka i Järbo raggi garn. Det er eit tjukt og mjukt sokkegarn som fins i mange forskjellige fargar, både einsfarga og multifarga. Dette sokkeparet er strikka med rester etter eit lilla einsfarga sokkepar eg strikka, og restegarn etter desse sokkane som eg strikka i fjor haust:


Har enno ein liten rest igjen faktisk, kva gjer eg med det då? Det er ikkje brukande til noko stort, men eg syns det er for mykje til å kaste...


fredag 4. februar 2011

Spenningsmoment...

Eg held på med eit par sokkar til meg sjølv, i restegarn. Og då er det store spørsmålet alltid: Har eg nok garn?!? Eg kjøper ikkje eit nytt 100 gramsnøste om eg manglar berre to meter altså... Men sokkane blir knallstilige, så eg håpar virkelig det er nok garn... Fortsettelse og forhåpentligvis bilde kjem i løpet av helga!